Dato/klokkeslett: 22 Mai 2012, 04:47

Forumets hovedside » Sjamanens hjelpere » Sjamanenes egne plantelærere

Tidssone UTC + 1 time




Opprett et nytt emne Svar på emnet  [ 13 innlegg ] 
Forfatter Melding
 Innleggets emne: Veit dei i Hollywood noko ikkje me veit?
InnleggSkrevet: 12 Des 2011, 15:03 
Avlogget
Virtuell sjaman!
Virtuell sjaman!
Brukerens avatar

Registrert: 30 Nov 2006, 17:06
Innlegg: 3140
Bosted: i drift
Berre som ein liten kommentar til ibogaine, legg eg ved denne linken
som tyder på at sjølv den seinare tids aktuelle hurragut Charlie Sheen har respekt for eksotiske hallusinogenar.. >:(
http://www.soulscode.com/a-non-pharma-wonder-drug-for-addiction-word-on-the-street-ibogaine/

http://www.hotmommagossip.com/2011/08/01/charlie-sheen-saves-brooke-mueller-from-dangerous-rehab/

Tjah?


Topp
 Profil  
 
 Innleggets emne: Re: Veit dei i Hollywood noko ikkje me veit?
InnleggSkrevet: 12 Des 2011, 15:55 
Avlogget
Virtuell sjaman!
Virtuell sjaman!
Brukerens avatar

Registrert: 05 Sep 2005, 10:33
Innlegg: 4558
Bosted: Vest-landet
Godt å sjå
kjekt å høyre at den gode Charlie har funne tilbake til *røtene*
Teit å lese at FDA klassifiserer iboga saman med avhengighets skapande substanser,utan medisinsk effekt.Eg trudde ein instans som FDA las litt om det som fantes av informasjon utenfor myndighetenes murer,og haldt seg oppdaterte,kanskje dei ennå lever i den tru at dei er dei rådande autoritetane på kva som er best for einkvann?? >:(


Sist endret av teleterkji den 12 Des 2011, 16:12, endret 2 ganger.

Topp
 Profil  
 
 Innleggets emne: Re: Veit dei i Hollywood noko ikkje me veit?
InnleggSkrevet: 12 Des 2011, 16:04 
Avlogget
Virtuell sjaman!
Virtuell sjaman!
Brukerens avatar

Registrert: 30 Nov 2006, 17:06
Innlegg: 3140
Bosted: i drift
teleterkji skrev:
Godt å sjå
kjekt å høyre at den gode Charlie har funne tilbake til *røtene*
Teit å lese at FDA klassifiserer iboga saman med avhengighets skapande substanser,utan medisinsk effekt.Eg trudde ein instans som FDA las litt om det som fantes av informasjon utenfor myndighetenes murer.


Hei Tele! :) it`s been a long time..

Eh, eg trur faktisk Sheen er skeptisk til ibogaine...
Eg ville ikkje trykt i meg den plantesafta.
Men så har eg vel heller ingen særskilt grunn til å gjere det?
Tykkjer eg no sjøl.
Likevel interesserer temaet meg; problemstillingane, forskinga, kulturen, verknader i eit vesteleg samfunn osb.
Tilhengjarar av plantelærarar seier planten veit kva pasienten treng.
Kva vis so pasienten døyr?
Eller " tiltar", som grasroti seier.
Har planten då rett?


Topp
 Profil  
 
 Innleggets emne: Re: Veit dei i Hollywood noko ikkje me veit?
InnleggSkrevet: 12 Des 2011, 16:16 
Avlogget
Virtuell sjaman!
Virtuell sjaman!
Brukerens avatar

Registrert: 05 Sep 2005, 10:33
Innlegg: 4558
Bosted: Vest-landet
Planten har alltid rett,den kjenner ikkje feil
så om ein skulle ville bli verande i ein av dei paralelle dimensjonane,så er nok det eit valg ein gjer i djupet av seg sjølve,vil eg tenke.
Det seiest å vere vakkert av dei som har kome tilbake,og like verkeleg som det me opplever i vårt hjørne av verkeligheten :wub:


Sist endret av teleterkji den 13 Des 2011, 16:51, endret 1 gang

Topp
 Profil  
 
 Innleggets emne: Re: Veit dei i Hollywood noko ikkje me veit?
InnleggSkrevet: 12 Des 2011, 16:24 
Avlogget
Virtuell sjaman!
Virtuell sjaman!
Brukerens avatar

Registrert: 30 Nov 2006, 17:06
Innlegg: 3140
Bosted: i drift
teleterkji skrev:
så om ein skulle ville bli verande i ein av dei paralelle dimensjonane,så er nok det eit valg ein gjer i djupet av seg sjølve,vil eg tenke.


Kvifor ikkje heller bli verande ei stund til, i begge dimensjonane?

Men det er klart, me må innsjå forskjella på dei som inntek det for spirituelle/religiøse formål, og dei som vil bli friske frå eit avhengighetshelvete/sjukdom.
Når ein er sjuk eller avhengig, er ein vel vanlegvis i nokså stor psykisk ubalanse allereie?


Topp
 Profil  
 
 Innleggets emne: Re: Veit dei i Hollywood noko ikkje me veit?
InnleggSkrevet: 12 Des 2011, 16:43 
Avlogget
Virtuell sjaman!
Virtuell sjaman!
Brukerens avatar

Registrert: 05 Sep 2005, 10:33
Innlegg: 4558
Bosted: Vest-landet
Når ein er sjuk eller avhengig så er det fordi psyka er ubalansert,i vestleg forklaringsmodell.Ein anna versjon,er at ein har noko ugjort med åndene,som er gløymt,då kan slike verktøy sette ein i direkte forbindelse med innbyggjarane i den åndelege verden og få igong ein forløysande sjelsdialog.
Av og til treng mennesket hjelp innantifrå,og det er ein stad der vestleg legevitenskap inkje har innsyn i og kontroll over.
Mennesket har meire indre ressursar en moderne elite tenkning våger å førestille seg.
Hjå dei elitiske tankemurarane finnst det høgtidelege grenser for kva som går an å tenkje seg,og det er her deira svakhet blaffrar mot oss,og inspirerer til eit åndeleg mytteri mot heile det skraltande makt apparatet.For det er i lyset or sprekkjene av dette skraltande maktens byggverk,at ein finn vegen til større helbred å livskvalitet,der trivst dei illegale plantene,der trivst den opprørske tankebryter,der finn ein gjennom og heimatt etter den lange flukt.
Kvifor slike verktøy blir klassifisert som narkotika,er ikkje eit omen på kor farlege dei er,men heller kor farleg det er om folk åpner opp for eigne helbredande krefter.
Det kan mohende samstillast med å oppfinne eit alternativt bensin av hår,kanel og gjørmevatn som kan drive motorar betre en dagens.
KOR lenge hadde ein hatt helsa i behold?
KOR lang tid ville det ta før ein berre forsvann,og eit rykte ble spunne at ein aldri hadde eksistert.Folk fekk store summar for å halde kjeft,og me veit kor glad folk er i pengar.Kjekt å ha noko å rutte med,ville dei sagt og spytta i bakken. (folk!!)
Å åpne opp for eigne indre krefter,er som å ta lufta ut av dei yttre autoriteter og det veit dei innerst inne,at det må ikkje skje,så dei driver på å halde lokket på slike magiske verktøy og late som dei ikke har nokon betydning eller verdi i frykt for å miste den makt å posisjon som dei nyt frå *folket*.



>:( :wub:


Topp
 Profil  
 
 Innleggets emne: Re: Veit dei i Hollywood noko ikkje me veit?
InnleggSkrevet: 13 Des 2011, 00:20 
Avlogget
Virtuell sjaman!
Virtuell sjaman!
Brukerens avatar

Registrert: 01 Mar 2005, 15:04
Innlegg: 1700
Bosted: Norge
Her er ein dokumentar frå dei som veit meir:
http://video.google.com/videoplay?docid ... 2434233044


Topp
 Profil  
 
 Innleggets emne: Re: Veit dei i Hollywood noko ikkje me veit?
InnleggSkrevet: 13 Des 2011, 03:13 
Avlogget
Sonehelt
Sonehelt
Brukerens avatar

Registrert: 12 Aug 2006, 23:34
Innlegg: 443
Bosted: Bergen
Sier meg enig i det meste/alt teleterkji sier i denne tråden...og hvis man ønsker å starte med å kutte ut giftstoffer i vårt samfunn kan man starte med alkohol. Litt tricky dette ettersom det er big business og at politikerene selv ruser seg på dette. Jeg mener at ayahuasca og tilsvarende bør legaliseres... :innocent2:


Topp
 Profil  
 
 Innleggets emne: Re: Veit dei i Hollywood noko ikkje me veit?
InnleggSkrevet: 13 Des 2011, 22:59 
Avlogget
Virtuell sjaman!
Virtuell sjaman!
Brukerens avatar

Registrert: 30 Nov 2006, 17:06
Innlegg: 3140
Bosted: i drift
[quote="teleterkji"]
Av og til treng mennesket hjelp innantifrå,og det er ein stad der vestleg legevitenskap inkje har innsyn i og kontroll over
quote]
Men du meiner det er meir kontroll over helbreden til ei forkomen sjel som sit seg på eit fly til den andre sida av kloten for å ta del i rituellt inntak av saker som i værste fall verkar som 'Plumbo' på sjeli?
Er det i det heile noko kontroll på korleis etterverknadane blir på enteogenturisten åleine i ein meksikansk by der dei medreisande på flyet truleg tykkjer dei har nok med tequila?
Truleg burde desse reisande ta med seg sin faste psykiater, prest eller det som elles kunne passe.Som vergje eller krisepersonell.


Topp
 Profil  
 
 Innleggets emne: Re: Veit dei i Hollywood noko ikkje me veit?
InnleggSkrevet: 14 Des 2011, 16:16 
Avlogget
Virtuell sjaman!
Virtuell sjaman!
Brukerens avatar

Registrert: 05 Sep 2005, 10:33
Innlegg: 4558
Bosted: Vest-landet
**Men du meiner at det er meir kontroll...***

Nei,det gjer eg ikkje,eg tykkjer denne enteogenturismen stinkar dollar.
Når me tenkjer på at dette er ritual ein kan gjere like godt heime,med lokale remediar til innsikt å helbredelse.
No er det slik at desse eksotiske remediane får meir oppmerksomhet av dei med mykje dineros,en dei som har blitt brukt her heime til akkurat det same.Men me har ikkje tru på oss sjølve i den vestlege verden,me må reise til framande eksotiske stader for å bli fortalt at me må tru på oss sjølve og det som veks rundt oss.Janteloven held oss nere i skiten,og gjer at me må sjå til andre kulturar for åndelege opplevelsar.
Slik skal det ikkje være,på tide å vakne.

"Me har ikkje lov å anvende slike remediar i norge
sjølv om dei veks i hagen,men ein kan plukke dei,ha dei i handa,og tenkje seg korleis det måtte være å oppleve noko anna.
Kanskje ta dei med til eit land der det ikkje er ille galt å bruke dem,
og la ein kyndig shaman få ete dei,så kan han fortelle om det han ser.Kanskje ser han noko ein kan få nytte av seinare.
Best å ikkje ha for høge tankar om seg sjølve,og heller la nokre som kan dette få gjere det,så slepp ein å skade seg,ripe seg opp i lakken osv.
Me må syte for å halde oss innanfor dei norske normane,og inkje søkje det som best høyrer heime i eventyra,den verkelege verden kallar,høyr høyr!
(kva er det med desse forelda tankemodellane som dykjer opp kvar gong eg reflekterer over det norske,kva er deira misjon?)
Kvifor har eg denne følelsen av å leve i en norsk mandagsfilm i svart å kvitt? (syns eg hører Henki snakke i bakgrunnen).
Visst bur me i norge,visst gjer me så,men må me også tenkje norskt,føle norskt,ete norskt,og snakke norsk heile tia?
Eg syns me burde kunne sjå djupare og vidare,for det finst meir av verden en det urnorske,me er so mykje meir en bare norske folk.
Eg har ein indre verden som ikkje er typisk norsk,ein som ler av det typisk norske,og seier at det ikkje finst noko som er norskt,det er berre eit navn me har kome på i farten,landet vårt kunne like gjerne hett noko anna."


Hmm! :respect:


Topp
 Profil  
 
 Innleggets emne: Re: Veit dei i Hollywood noko ikkje me veit?
InnleggSkrevet: 14 Des 2011, 22:17 
Avlogget
Virtuell sjaman!
Virtuell sjaman!
Brukerens avatar

Registrert: 30 Nov 2006, 17:06
Innlegg: 3140
Bosted: i drift
Det var veldig søtt skrive,Tele.. :eusa_pray:
Nei, norsk treng det vel ikkje vere.Men ein er no seg sjøl nærast, og tager gjerne hva man haver..? Nei, det er mange parallellar og mange lag, og ting er vel infløkt, for det meste.
Ikkje rart me prøver å stille oss i vegen for einkvan si kompassnål, so godt me kan, heile livet.Kanskje er det til og med litt sunt å stille seg litt i skuggen av utstaka forventningar, av levd liv?
Skjønte ikkje heilt det med riper i lakken?Meiner du at det er overfladisk å la ein sjaman gjere jobben ein kan gjere sjølv, med inntak av plantelærdom? Må alle vere sin eigen sjaman, tykkjer du? Då kjem nok eg til kort, greier knapt å endre på skattekortet mitt, eg.


Topp
 Profil  
 
 Innleggets emne: Re: Veit dei i Hollywood noko ikkje me veit?
InnleggSkrevet: 15 Des 2011, 00:16 
Avlogget
Virtuell sjaman!
Virtuell sjaman!
Brukerens avatar

Registrert: 05 Sep 2005, 10:33
Innlegg: 4558
Bosted: Vest-landet
Eg tenkjer at desse plantene er sjamanar i seg sjølve gode nok,det er dei ein skal overlate seg til når ein treng deira hjelp,og det gjer ein best ein stille stad,ein plass ein trives godt og kan slappe av.
Slik iboga kan bli brukt både i og utanfor religiøs rituell setting,kan også andre psykointegrerande vekster brukast med gode resultat. :eusa_pray:


Topp
 Profil  
 
 Innleggets emne: Re: Veit dei i Hollywood noko ikkje me veit?
InnleggSkrevet: 21 Des 2011, 16:22 
Avlogget
Veteran
Veteran
Brukerens avatar

Registrert: 27 Jul 2008, 14:06
Innlegg: 255
Bosted: Oslo
Jepp, hovedårsaken til såkalt dårlig helse er at bevisstheten er glemt. Tenker ofte på rusmisbrukerne jeg ser rundt omkring. Herregud, hadde vi enda hatt et iboga-senter :exclaim:
Så mange unødvendige lidelse på grunn av uvitenhet....


Topp
 Profil  
 
Vis innlegg fra forrige:  Sorter etter  
Opprett et nytt emne Svar på emnet  [ 13 innlegg ] 

Forumets hovedside » Sjamanens hjelpere » Sjamanenes egne plantelærere

Tidssone UTC + 1 time


Hvem er i forumet

Brukere som leser i dette forumet: Ingen registrerte brukere og 1 gjest


Du kan ikke opprette nye emner i dette forumet
Du kan ikke skrive innlegg i dette forumet
Du kan ikke redigere dine egne innlegg i dette forumet
Du kan ikke slette dine egne innlegg i dette forumet
Du kan ikke laste opp vedlegg til dette forumet

Søk etter:
Gå til forum:  
cron
Powered by phpBB © 2000, 2002, 2005, 2007 phpBB Group
phpBB.no - Norsk phpBB-support

Medlemmer Online

Ingen


Kopirett © Tre Bjørner Forlag 2008. Redaktør: Ailo Gaup.